Av Svenn Arme Lie
Ulempene med større gardsbruk er store. Aldri før har norske bønder vore meir avhengige av importert kraftfôr og tilskot frå staten.
Ei utbreidd oppfatning i norsk landbruksdebatt, og ein føresetnad for den politikken som blir førd, er denne: Manglande lønsemd i jordbruket kjem av at vi har altfor mange og for små gardsbruk i Noreg. Løysinga blir dermed som følgjer: Skal ein auka lønsemda for å drifta jord i Noreg, må gardsbruka gjerast større. Det blir argumentert for at dette både er bra for den einskilde bonden, som då skal auka inntekta si, og for fellesskapen, fordi desse store bruka er mindre avhengige av tilskot enn dei små og dermed er meir økonomisk berekraftige.
Det er stordriftsfordelar i norsk jordbruk. Openbert. At gardsbruk kan auka innteninga si ved auka produksjonsomfang, finst det mange døme på. Men kva med stordriftsulemper, finst dei òg?
RÅKAR VESTLANDET
Strukturrasjonaliseringa (færre og større gardsbruk) er svært sterk i norsk jordbruk. Vestlandet er særleg hardt ramma. Bakgrunnen for denne utviklinga og rolla til landbrukspolitikken i dette er nettopp trua på at strukturrasjonaliseringa i seg sjølv skal gje auka lønsemd i næringa. Auka arbeidsproduktivitet skulle vera strategien til styresmaktene for å sikra inntekter og rekruttering i jordbruket. Tilskot, investeringskapital, lovendringar, samdriftssatsing, mjølkebørs og andre enkelttiltak har lagt til rette for produksjonssystem baserte på få, store brukseiningar med høge produksjonsvolum. Dette skal halda fram. I landbruksmeldinga frå regjeringa, Stortingsmelding nr. 9 (2011–12), blir det sett fram formuleringar som føreset at auka investeringar skal gje auka produktivitet og dermed auka lønsemd. Større og betre.
MANGLAR DOKUMENTASJON
Trua på stordriftsfordelar i jordbruket overgår dokumentasjonen av desse. Effektiviseringsfokuset, forstått som færre produsentar – meir mat, skjuler at utfordringane i norsk jordbruk ikkje er relaterte til mengda mat, men korleis maten blir produsert. Om det er slik at etableringa av færre og større gardsbruk er medisinen for norsk jordbruk, så er det på tide å spørja seg kva som har vore resultatet av denne behandlingsforma.
Samdrift i mjølkeproduksjonen har vore sjølve flaggskipet for landbrukspolitikken dei seinaste ti åra. Bønder vart oppmoda til å slå saman bruka sine, ta opp store lån, byggja endå større fjøs og etablera selskapsformer i eit norsk jordbruk som tradisjonelt har vore eigd og drive av enkeltpersonar. Lønsemda skulle koma til landbruket. Framtida kunne sikrast.
At desse nye brukseiningane er baserte på produksjonsvolum som er monaleg større enn arealtilgangen, som i sum aukar trongen for kraftfôrimport til landet, er éi side av saka. Årleg importerer vi om lag 700.000 tonn kraftfôrråvare, eller om lag 3 millionar dekar jordbruksjord i andre land, for å fø norske husdyr. Dette skjer samstundes med at store jordbruksareal her heime blir brakklagde. Ei anna side av saka er økonomien.
STORT BRUK, STORT TILSKOT
Då tilskotslistene vart offentleggjorde i februar, kunne avisa Nationen melda at halvparten av dei største mottakarane av tilskot gjekk med underskot i 2010. Og dei som no sit og trur at dei store enkeltsummane i tilskotsregisteret går til dei små fjellgardane på Vestlandet, tek feil. Dei største tilskotsmottakarane er dei aller største bruka vi har her i landet. I saka si kunne Nationen vidare melda at samdriftene, samla sett, gjekk i minus. Trass i at dei store bruka mottek 2–3 millionar kvart i overføringar frå staten, slit dei med store underskot.
Landbrukspolitikken har vore heilt avgjerande for etableringa og er heilt sentral for å halda oppe desse storbruka, ofte organiserte i samdrifter. Fyrst la landbruksstyresmaktene til rette med omfattande statleg subsidiering av investeringskapital til bygginga av bruka. Det er verdt å nemna at private bankar i liten grad har stått for finansieringa av desse brukseiningane. I neste omgang har landbrukspolitikken følgt etter med auka tilskot til dei største bruka.
AUKA GJELD
Ein gjennomgang i driftsgranskingane viser at det er stor variasjon i inntektsevne og bruksstorleik, og når mjølkebruka blir større enn femten–tjue mjølkekyr, er det særleg stor variasjon. Fjernar vi tilskota frå dei same bruka, blir mønsteret klårare: store underskot på dei største einingane.
Dei seinaste femten åra har samla gjeld i norsk jordbruk meir enn dobla seg og er i dag nær 50 milliardar kroner. Dei samla kostnadene har auka med om lag 50 prosent, til om lag 25 milliardar kroner. Dei samla inntektene er derimot om lag 10 milliardar kroner og har falle i den same perioden (totalkalkylen). Norsk jordbruk er i økonomisk ubalanse.
TILSKOTSAVHENGIGE
Dei større og meir effektive bruka som stadig blir etterspurde som løysing på manglande lønsemd i norsk jordbruk, er ein realitet. Dei finst alt. Utviklinga dei seinaste femten åra er klår: Større og færre bruk har ikkje gjeve auka lønsemd. Tvert imot. Dei norske bøndene blir stimulerte til å bli færre og større, produsera meir og meir, medan dei samstundes ikkje har realinntektsvekst og er meir avhengige av importert kraftfôr og tilskot frå staten enn nokon gong. Den politiske tilrettelegginga av stordrift fører derfor til ei utvikling der store tilskotstunge og lite lønsame brukseiningar blir etablerte og subsidierte, medan dei mindre bruka blir lagde ned.
Dei norske bøndene blir stimulerte til å bli færre og produsera meir, men er samstundes meir avhengige av importert kraftfôr og tilskot frå staten enn nokon gong.